Et verdifullt år!

Tekst: Berit Kopperud Grønli

- Oppdatert

Til Haugetun.

Året mitt på Haugetun ville eg aldri vore utan! Eg fekk vener, minner og erfaringar som eg kjem til å ha med meg resten av livet. 

Då eg kom til Haugetun blei eg teken på alvor som songar. Eg hadde to dyktige lærarar som såg kva eg trong og som utfordra meg til sjølv å ta song på alvor. Saman med SSS-klassen min haldt me minst tretti konsertar, var på turné med flinke musikarar, og me hadde ubegrensa tilgang på publikum (resten av skulen) og studioinnspeling. Det å få prøve seg fram med skikkelig utstyr og kunnskap, var avgjerande for meg. Likt som det var avgjerande at me var ein liten klasse. Me var mange nok til å lage kor og musikal, men få nok til at alle fekk individuell oppfølging gjennom heile året. 

Då eg søkte på folkehøgskule, stod valet mellom songlinje på Haugetun og hestelinje på ein annan skule. At det blei SSS på Haugetun var faktisk ganske tilfeldig, men at song blei vegen vidare frå Haugetun, var ikkje det.

I år er det 10 år sidan eg gjekk ut av Haugetun. Eg har jobba freelance som songar dei siste fem åra og utdanner meg til songpedagog ved Complete Vocal Institute i København. Eg opptrer på små og store eventscenar, har mine eigne konsertar og jobber med musikarar frå øverste hylle.

Det kan jo hende at eg kunne jobba freelance som hesteinteressert og då, men mykje av det eg driv på med i dag blei mulig fordi Haugetun tok draumen min på alvor ☺

Jorunn Undheim

Del på