Uke 38 i Karibien

Tekst: Bernt Inge Steinsland

- Oppdatert

Veka etter Spania turen har vore stille og roleg for Karibien. Likevel har vi klart å fylle dagane med mykje glede og aktivitetar. Denne veka har vi lært meir om ulike danseartar som vi skal danse når vi reiser ned til Haiti og Den dominikanske republikk i januar. Dette skapte god stemning og måtte selfølgelig prøvast ut i ein zumba-time med vår kjære Annika som instruktør. Onsdagskveld arrangerte vi filmkveld for heile skulen der vi selde blant anna popkorn og brus til inntekt for prosjektet vårt. Torsdag var det duka for meir Zumba og fredagstimane var fylt med filmen «The Feast of the goat». Laurdag var det seminar for heile skulen der vil lærte meir om Hans Nielsen Hauge. Veka var med andre ord full av aktivitetar både i og utanfor klasserommet.

Del på