140115_foredrag Haugetun Folkehøgskole (1a)Undervisningsplanen i HPS omfattar svært mange ulike tema. I tillegg til å reise på ekskursjonar til ulike tiltak, bedrifter og institusjonar, får vi også besøk i klasserommet av menneske med ulike yrkeserfaringar. Den 27. november hadde vi besøk av barnevernspedagog Linda Jarleskog frå barnevernet for å snakke om temaet «Vald i nære relasjonar». Mange av jentene i klassa har vurdert å satse på jobb innanfor barnevern, så då er det ekstra interessant å få snakke med ei som har erfaring på området.

Iløpet av tre timar heldt ho eit veldig innhaldsrikt og spennande foredrag der vi fekk augene opp for korleis den vonde realiteten faktisk pregar kvardagen til svært mange menneske, både unge og vaksne. Vi fekk også innsyn i korleis både barnevernet og andre kan bidra og hjelpe til for å lette livssituasjonen til folk som lever under vanskelege forhald. Alt i alt synest vi Linda bidrog til ein lærerik og interessant føremiddag, og vi føler at vi sit att med mykje etter desse timane. Kanskje finst det ein framtidig banevernspedagog blant HPS-jentene?