Foredrag om latin-amerikansk dagligliv og fairtrade har stått i fokus denne uka.

På onsdagen blei me delt inn i grupper, og tida blei brukt til å forberede presentasjonar om vaksiner og historie, kultur og daglegliv i den Dominikanske Republikk og Haiti. Sidan me ikkje blei heilt ferdige med presentasjonane på onsdagen, blei òg delar av torsdagen brukt på dette, før me fortalte resten av klassen kva me hadde funne ut. I tillegg til desse presentasjonane var det òg eit anna prosjekt på gong denne dagen. Nemleg det å informere resten av skulen om kva det vil seie å vere ein fairtrade skule og skaffe underskrifter. Når alt dette var vel gjennomført var det spansk saman med middelhavet som stod på planen.

Fredagen gjekk med til å fortsette med fairtrade prosjektet, pante flasker og å reise rundt og samle inn gevinstar til familiedagen den 12.november. I tillegg til dette fekk me òg byrja litt med forberedingar til den store turen, som me gledar oss veldig til.