141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 1Vi starta mandagen med styrke intervall i gymsalen. Til tross for at mange hadde eksamen denne veka var vi litt færre, men det gjorde ikkje treninga noko lettare. Vi hadde ei slags sirkeltrening med øvelsar basert på heile kroppen. Kvar øvelse blei gjennomført i eitt minutt før vi skifta til neste øvelse. I mellom desse intervalla hadde vi også fellesøvelsar. Etter treninga hadde vi undervisning ilag med HPS, temaet på denne undervisninga var proteiner.

Onsdag blei vi delt inn i to grupper, der den eine delen skulle spele badminton og den andre skulle lage energibarer på kjøkkenet. Vi kunne velge mellom å lage aprikos og mandelbarer , tranebærbarer med pekanøtter og banan og müslibarer. Den mest populære var banan og müslibar.

141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 8 141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 5 141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 9

Torsdag starta dagen med sirkel trening. Her var også intervalla på eit minutt, og øvelsane gjekk mykje på rompe og lår, men også på andre viktige musklar. Undervisninga den dagen var om Fitness og proteinpulver. Då fekk vi sjå korleis proteinpulver blei produsert og også høyre om ulike erfaringar med fitness og proteinpulver. Fredagen skulle nokon av jentene spele fotballkamp mot Numedal, derfor blei det egentrening for resten av Puls-klassa.

141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 3 141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 6

141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 7 141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole

141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 10 141129_Puls blogg Haugetun Folkehøgskole 11

141127_Numedalbesøk (27)