Endelig er me tilbake etter ein lang og avslappande juleferie. Me starta veka med planlegging av den store turen me skal på om bare 3 veker (!!!), som me gledar oss! 

Processed with VSCO with hb2 preset

På onsdag fekk me besøk av Siv Mika, som driv amigitos, prosjektet me skal besøka i dominikanske republikk. Det var eit spennande og lærerikt besøk, der me fekk svar på mange av spørsmåla me hadde om turen vår.

Torsdag starta me dagen med å ta første dose av siste vaksina me må gjennom før me er 100% klare for tur. Etter det begynte me planlegginga av turen for fullt, og heile klassen gledar seg meir og meir til avreise. Det var óg to stk frå klassen som reiste til Sverige for å pante flasker. Dette er ein av måtene me i latin-amerika samlar inn pengar til samarbeidsprosjekta våre på. 

Fredag var dagen for å søka visum og fortsette forbedrelsane til undervisninga me skal ha for barna i dominikanske. Alt i alt, ei produktiv og kjekk første veke tilbake på Haugis.

Processed with VSCO with hb1 preset
Processed with VSCO with hb1 preset