Då var dagen kommen for at me dessverre skulle avslutte turen og reise heile den lange vegen tilbake til Norge.

Dagen byrja med ein god frukost og litt fritid før me måtte pakke saman sakene våre og finne vegen til Port au Plata og flyplassen som me skulle ta fyrste flyet frå. Det blei som vanleg ein interessant tur der det bakerste vindauget i bussen blei brukt til å stue inn bagasjen, og dei som satt bakerst måtte berre sitte å håpe at koffertane blei der dei var og at bussen for all del ikkje måtte nødbremse. Og sidan me måtte bruke nokre av setene i bussen til å lagre bagasjen vart det eigentleg ikkje plass til alle, men bussjåføren hadde sjølvsagt ei god løysing på dette problemet òg. Dette var då at dei som satt i seta på kvar si side av midtgongen i bussen skulle sitte på ein planke slik at det då blei eit «sete» i mellom dei. I tillegg til dette meinte bussjåføren òg at golvet sjølvsagt var eit godt alternativ for sete.

Etter ein halvtimes tid med alternativ busskøyring var me vel framme på flyplassen og kunne sjekke inn. Innsjekkinga gjekk knirkefritt og det varte ikkje lenge før heile gjengen satt på flyet, veldig klare for å komme heim til Norge.

Ikkje mange timane seinare (berre 22 timar) var me endeleg komne til Gardermoen og me var veldig klare for vinterferie, sjølv om eit par veker til i Dominikanske ikkje hadde skada saman med denne herlege gjengen. Takk for ein fantastisk tur!