140210_Latin-Amerika Haugetun Folkehøgskole (13)Det er 8.februar, og me befinn oss framleis i Cabarete. Dagen starta med hotellfrukost klokka 8, før me sette oss inn i to drosjar. I dag var det først legehjelp som stod på planen. Litt utanfor Cabarete er det ein liten landsby som får legebesøk og gratis medisinar ca ein gong i mnd. Dette skulle me vera med på i dag ved å donere pengar til medisin samt å hjelpa denne legen som jobba frivillig. Her var det mange menneske med kvar sin kølapp og kvar sine plager.

Deretter var det tid for lunch og litt avslapping på stranda, men ikkje lenge, for klokka 8 venta ein hagefest. Denne festen vart halde av den tidlegare vertsfamilien til læraren vår, Annika. Her var det masse god mat, dansing og berre god stemning!:)