140326_Lionking Haugetun Folkehøgskole (2)Onsdag 25. mars var det duka for Lion King- musikal, noko dei fleste hadde sett fram til. Klokka 19.30 stod alle elevane utanfor lokalet og trippa med M&M’s i eine handa og cola i den andre. Me blei møtt av to blide lærarar som gav ut billettane våre ein og ein, og me kunne endelig gå inn i salen. Berre nokre minutter over tida byrja musikalen med imponerande rekvisittar, sang og kostymer. Gjenskapinga av filmen var veldig bra, og nokre scener i løpet av musikalen rørte oss til tårene. (Mistenker også at søvnmangelen spelte litt inn her…) Musikalen varte i om lag to timar, og me fekk sjå ulike sceneoppstillingar og rekvisittar. Det var eit kjempe bra show som me er så glade me fekk sjå iløpet av oppholdet vår i New York! Tommel opp for tidenes musikal, oppglødde elever og veldig gode M&M’s…!