Me starta dagen klokka 7 med ein herleg frukost på hotellet, før me pakka sakene og sette snuten mot Haiti.

Klokka 8 blei me henta av buss og køyrd til Santiago. Der venta ein ny busstur på 5 timar med grensekrysning både i den dominikanske republikk og Haiti. 

På denne bussturen fekk me sjå store kontrastar, frå den rike delen i Santo Domingo til fattigdommen i Haiti. Når me skulle krysse grensa møtte me på svoltne ungar som tigga. So desse gav me mat som me hadde igjen frå bussturen. 

Det er og store kontrastar innan Haiti. I begynnelsen såg me få og spreidde hus, men dess nærmare me kom byen blei bebyggelsen tettare, og standarden dårligare. Inne i sjølve Cap Haitien stod husa tett i tett og det var dårleg vegstandard. Me hadde derfor ikkje so veldig store forhåpningar til hotellet, so me blei veldig positivt overraska når me såg det. Frå hotellet har me ei veldig fin utsikt over heile byen og trives so langt veldig godt.