I dag skulle dei som har vore i Pancho Mateo i to dagar til Caraballo og dei som hsr vore i Carsballo til Pancho Mateo. Der vart me møtt av Donna og ho skulle visa oss rundt, og fortelja om Haitianere og korleis de streva med å skaffe papirar før fristen så de kan bli i den Dominikanske republikk. Først fekk me sjå kor Donna arbeider med forskjellige programmar som for eksempel dele ut mat og hjelpe mødre med barna. Det er også folk frå bygda som er med å arbeide der.

Etterpå fortalte ho om Haitianerene og om prosessen de må igjennom for å få papirar og oppholdstillatelse til å bu i den dominikanske republikk. Det er litt av ein prosess de må igjennom og det er fåtall  som får det til før fristen går ut. Magen som samarbeider med Donna er med å hjelpe så mange Haitianere som mulig til å få desse papirene.
Hvis dei ikkje får papirene innen fristen risikerer de å bli henta av ein stor lastebil og bli sendt til Haiti. Dette skjer som regel uforutsett og ingen veit om at det skjer før lastebilen er der. Barn som vart født etter eit visst årstall har oppholdstillatelse til å bu her i DR. til dei vert atten år. Foreldre som blir henta kan velge om de vil ta med seg barna eller etterlate de hos evt. nabo eller andre som vil ta seg av de og gje de ein tryggare oppvekst enn kva de ville få med foreldra sine i Haiti. Nokon gonger får foreldra aldri sjå barna sine igjen.
Etter dette fekk me ein omvisning i resten av området. Me fekk sjå kor barna får opplæring i data, der de og kan gjere leksene sine. Me fekk så korleis de bur. Og fekk litt tid til å kjøpe smykker, armbånd, og andre ting de lagar sjølv og selg. De var ganske ivrige etter å visa oss og selge oss det de hadde laga.

I Pancho Mateo blei me møtt av smilande barn som var glad for å sjå oss. Når me kom hjalp me til med å dela ut mat. Når barna var mett skulle me ha engelskundervisning. Då skulle me læra dei tal og fargar. Dette gjekk kjempebra, dei fleste kunne tala og fargane me gjekk gjennom, så me blei fort ferdig med det. Etter dette delte me oss i to grupper, den eine gruppa tok nokon barn med ut for og leika, og den andre gruppa var inne og laga smykker, armbånd og tegna med resten. Så var skuledagen slutt og me måtte sei hade til barna.

Seinare på kvelden gjekk me ut for å ete middag på Kina restaurant. Der møtte me Siv Mika og spiste god Kina mat før me gjekk heim og tok kvelden.

Mette og trøtte sei Sandra og Tonje god natt og håpar fortsatt at folka heime kosar seg i snøen.