Kl. 09.00 blei me henta for å køyre til bussterminalen. Bussturen til vårt nye bosted for helga var behagelig med gode seter og aircondition.  I Jarabacoa blei me henta av ein liten bil med stort lasteplan. Gjett kor me satt. Fullt med 17 personer og 1-2 kofferter og bagger kvar bak på lasteplanet.  Me kom fram til Baiguate her halvparten av oss skal bu over helga mens resten bestiger Pico Duarte. Først blei me fulgt til romma våre og fekk i oss litt lunsj. Og så, det me alle har gleda oss til, ridetur til fossefallet. Det var ikkje nok hestar til oss alle, så me vart nødt til å dele oss opp i ein nybegynner gruppe og ei gruppe som kunne ri litt bedre. Til fossen skulle nybegynnerene ri og resten køyre bil. Når nybegynnere på hest kom fram var det nokon som nevnte setninga «never again». Hestene hadde visst både trava og gallopert uten at det var planen. Inn til fossen gjekk me alle i lag. For eit paradis! Sånt ser man kun på bilder! Fossen var nydelig! Og vatnet var deilig og avkjølande. Ein del av oss la på svøm og plaska rundt i fossen, mens nokon av oss andre berre vassa litt og tok masse bilder. Tilbake skulle me andre ri. Då var nokon av hestene lei! Nokon stoppa for å ete heile vegen mens andre nekta å gå fortare. Hest veit best og då gjekk de i det tempoet de ville, og sånn blei det. Tilbake på ranchen gjekk me alle på romma og prata og slappa av mens dei som skulle på tur dagen etter fekk pakka og gjort seg klar til tur. Middag spiste me i 19.00 tida, og satt å prata ein stund etter det. Etter ein lang dag var me sletne og både dei som skulle på tur tidlig dagen etter, og oss som skulle bli på ranchen tusla i seng tidlig. Alt i alt har me hatt endå ein minnerik dag på tur med klassen, og er alle enige om at det er godt me har to veker igjen.

Håpar alle kosar seg heime i Norge i snøen! klem Marie og Sandra.


150130 Sandrablogg Haugetun Folkehøgskole 1150130 Sandrablogg Haugetun Folkehøgskole 6