141218_dlablogg Haugetun folkehøgskole (2)Siste veka før jul begynte med ei koseleg samling der vi såg «Hjemme alene 1» saman med Middelhavet og HPS. Deretter gjekk vi saman to og to og laga pakkeliste til den store reisa som ventar over jul.

Onsdag var siste timane med samla klasse før jul, og i dag var det tid for juleavslutning. Medan nokre dekka og pynta bord, stod andre for matlaginga, der det var rundstykker, eggerøre og bacon på menyen. Det vart også laga brownies, og alle fekk kvar sitt stykke som vi pynta og gav til ein «hemmeleg ven». Vi gjekk også gjennom ein meir detaljert plan for turen til Latin-Amerika, før den koselege læraren vår Annika avslutta timen med utdeling av julekort, noko vi sette stor pris på.

Heile torsdagen gjekk med til pakking, rydding og vasking av fellesareala og internatromma. Dermed var skulen klar til jul, og no gjenstod det berre ein deilig julefrukost og julefilmen «A christmas carol» før heimreise på fredag.

Vi gledar oss til den store reisa, og no gjenstår det berre å ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nyttår!

141218_dlablogg Haugetun folkehøgskole (1)