Litt undervisning, men også underholdning for skjønne unger. En eksotisk opplevelse ble det da vi spiste på indisk restaurant og koste oss med solnedgangen.

Dag 2 i Pancho matteo (3)Òg denne dagen var klassen delt i tre, der nokre var med dei eldste på utflukt, medan dei to andre gruppene arrangerte undervisning og underholdning for dei andre. Vår gruppe hadde undervisning for dei minste der me lærte dei namn på frukt på engelsk og hadde mange leikar saman med dei. Me perla og gjekk tur i pancho mateo der dei viste oss rundt og me fekk sjå den gamle skulen deira. Med andre ord hadde me rett og slett ein flott dag saman med dei skjønne ungane. Når skuledagen var omme fulgte me dei heim før me reiste tilbake til hotellet. Tida før middag nytta me til det me ville, nokre var å slappa av på hotellet, andre brukte tida på stranda eller på shopping. Ca kl 5 reiste me i taxiane frå hotellet til ein indisk restaurant. Her fekk me både sjå ein nydeleg solnedgong og nyte god eksotisk mat. Det blei ein ny opplevelse for dei fleste å sitte på golvet og ete med fingrane frå palmeblad, men me storkoste oss alle sammen.

Dag 2 i Pancho matteo (5)